Oppdag heimstaden din i spelform

Stedspill er ein serie lokale brettspel der norske byar og stader får sitt eige spel. Kjende stader, lokale bedrifter og lokalt særpreg blir ein del av spelet.

Kva kjenneteiknar eit Stedspill?

Lokalt innhald

Kjende stader, bedrifter og lokale referansar.

Eitt spel for kvar stad

Kvart Stedspill blir utvikla spesielt for staden det handlar om.

Lokale bedrifter

Næringslivet blir ein synleg og naturleg del av spelet.

For familie og vener

Eit sosialt brettspel rundt same bord.

PULS med eska, spelebrettet, brikker, timeglas og terningar

PULS

Gjer trening til eit spel

Kast terningane. Flytt brikka. Ta utfordringa. PULS kombinerer trening og spel, og kan spelast både åleine og saman med andre.

Historia vår

Det starta på Voss

Stedspill starta med Vossaspelet i 2022. Ideen var enkel: å lage eit brettspel med utgangspunkt i vår eigen heimstad, der lokale bedrifter og kjende stader fekk plass på spelebrettet. No byggjer me Stedspill som ein serie, der fleire norske byar og stader kan få sitt eige spel.