FOR BEDRIFTER OG SAMARBEIDSPARTNARAR

Bli ein del av spelet om din stad

Lokale bedrifter er ein viktig del av Stedspill. Når me utviklar eit nytt spel, samarbeider me med lokale aktørar som ønskjer å bli ein del av spelet og prosjektet rundt det.

Samarbeid

Kva eit samarbeid kan vere

Kvart spel er ulikt, og det same er samarbeida. Ta kontakt, så finn me ut kva som passar for dykk.

Plass i spelet

Bedrifter frå staden kan bli ein del av spelebrettet og spelmateriellet.

Profilering lokalt

Spelet blir spelt heime hos folk på staden. Bedrifta blir ein naturleg del av det.

Førehandskjøp av spel

Bedrifter kan kjøpe spel på førehand, til gåver eller til vidaresal.

Har du ei bedrift på ein stad me jobbar med?

Send oss ein e-post og fortel kort om bedrifta di, så tek me det derfrå.